tirsdag 14. april 2009

"Sommerdag"









I dag er det første sommardagen, ifølgje primstaven. Primstaven er snudd i dag og datoen syner 14. april. Primstaven eg har tatt bilete av, er laga på skulen av eldstedottera mi då ho gjekk i 5. klasse. Her hjå oss har sola skine frå ein aldeles skyfri himmel i heile dag, vi har verkeleg kjent på kroppen at det går mot varmare tider. Kva høver vel då betre enn å visa fram løparen "SOMMARDAG" på ein dag som denne? Mønsteret er AnnAKa sitt og er sydd i originalstoffa. Sjølve kua er handapplikert, elles har eg brukt frihandsquilting inni rutene og i rammene rundt. Løparen er alt gjeven vekk til søstera mi som bur på garden der eg vaks opp.
Mønsteret viser at det skulle syast på teksten "Ha ein fin sommardag" over kyrne, men eg valde å ikkje gjera det, synes løparen vert meir ein heilårsløpar utan denne teksten.

mandag 13. april 2009

Vår på hytta












Mesteparten av påskeferien har vi vore på hytta. Veret har vore skiftande alt frå høljande nedbør til nydeleg vårver med sol. Vi har ei fantastisk utsikt frå hytta, ser utover fjorden og over på snødekte fjell i bakgrunnen. Dette er delar av Folgefonna og er eit fantastisk skue når sola skin frå skyfri himmel. I bakkane bløma kvitveis og kusymre. Kusymre er ein nydeleg blomst som vi har masse av kring hytta.





Aprilklut


Aprilkluten i kjøkkenklutalongen på HB har eg strikka i eit bomullsgarn frå Gjesdal på pinne nr 4. Mønsteret finn du her og er nesten likt det eg strikka i mars, men i denne påsketida er det mønster av ein påskehare i midten. Har strikka kluten større enn oppskrifta, då eg synes dei er altfor små til mitt bruk ellers. Fargen er beige, og er difor også bidraget mitt i "Et år i farger".

søndag 12. april 2009

Aprilsokkar




I sokkealongen for april kunne vi velja fritt blant Garnstudio sin oppskrifter. Eg valde heilt vanlege vrangbordsokkar i Fabel. Eit greitt strikkearbeid på køyreturen fram til hytta i påskeferien. Eg hadde 3 nøster Fabel, og då eg hadde strikka det eine paret, såg eg at eg ville ha nok til eit par til, og då vart det slik. Oppskrifta finn du her

Nåleputer


Har sett desse fine nåleputene på fleire bloggar i det siste. I går kveld henta eg fram bomullsrestegarnet mitt og hekla to nåleputer. Synes eg har vore flink og prøvd å bruka opp bomullsgarnet til kjøkkenklutar i løpet av vinteren, men dette straffa seg no. Utvalet av fargar var minimalt, for det meste berre kvitt og mørke fargar. Ein annan ting eg oppdaga var at eg har altfor lite knappelager, har sjølvsagt ein del knappar, men minimalt med pynteknappar. Det må det gjerast noko med! Eine nåleputa har ikkje fått knappen festa endå, får venta til eg kjem meg avgarde på knappekjøp over påskehelga. Resultatet vart eg likevel godt fornøgd med. Oppskrifta kan du finna hjå Ruth, men mange andre som har denne i bloggen sin også.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...