søndag 26. desember 2010

Snønissefamilie





I romjula i fjor strikka eg klærne til desse snønissane frå Fagstrikk. Dei er strikka i Pt2 og bukser, skjørt, luer og sokkar er tova i vaskemaskina etterpå. Før jul fekk eg montert dei
ferdige og no sit dei fint på eit lite geitekjeskinn oppå ein stol i gangen min.

søndag 21. november 2010

Løper på en kveld



Advent nærmar seg med raske steg, og eg har akkurat fått gjort ferdig "Løper på en kveld".
Enkel å sy og resultatet vart eg godt fornøgd med. Løparen er pynta med flotte band.
Mønsteret til denne løparen designa av AnnAKa, fann eg i Quiltemagasinet nr 9/2009.

søndag 7. november 2010

Prematurstrikk



Då er 3 tepper og 4 prematurluer klare til å sendast til Vibbedille. Ho har denne hausten sett i gong innsamling av luer, sokkar og tepper til Stavanger universitetssjukehus. Luene er bittesmå, måler kun 8x10 cm, men siden dei er strikka i ribbestrikk, er dei elastiske og kan utvidast i forhold til storleiken på dei vesle hovuda. Det er lagt opp 72 masker til desse luene.
Teppa er strikka på skrå i rillestrikk etter eit mønster i Nøstebarnboka. Starta med 3 m i eit hjørne og auka ut 1 m på kvar pinne. Har strikka holrad som pynt på kantane.
Både luer og tepper er strikka i babyull. Greie arbeid å ha i bilen eller til TV-sjåing.

lørdag 6. november 2010

Pute med stitchery

Hadde sydd eit stitchery som eg ikkje visste heilt kva eg skulle bruka til. Hadde ikkje lyst å laga eit bilete av det, slik det var gjort på mønsteret. Tilslutt vart det til ei pute, og eg vart veldig godt fornøgd med resultatet. Dette får bli mi personlege pute, trur eg.

lørdag 30. oktober 2010

Pjona vottar



Sommaren 2009 var eg på ferie i Lofoten. Der var eg innom ein liten butikk som selde nydelege pjona barnevottar og barnesokkar. På heimvegen var eg innom Husfliden i Bodø, og der fann eg mønster på pjona vottar til vaksne. Eg kjøpte med meg mønster og garn, og har no pjona vottar som eg skal ha sjølv. Har brukt Rauma vamsegarn og heklenål nr 4 og 7. Vottane har perfekt passform til hendene mine og er utruleg mjuke og lodne inni. Dette kjem seg av at eg fukta vottane godt, smurde dei inn med såpe og børsta dei på vranga med ein stålbørste. Har aldri pjona før, men det var kjempelett og gjekk raskt å laga dei.

lørdag 24. april 2010

"Ei vårleg hjertehøne"


I Quiltemagasinet 1/2010 fann eg mønsteret på denne løparen "Ei vårleg hjertehøne" av Ann A. Kanstad Johnsen. Løparen vart akkurat ferdig i tide til å ta med på hytta til påske.

Spiralsokkar

Etter ei lang bloggtørke er eg no i gong med blogging igjen. At eg ikkje har blogga, betyr ikkje at eg ikkje har produsert noko, har halda på eit eller anna større eller mindre prosjekt heile tida.
Bilete av spiralsokkane er eit bevis på det, no er det heldigvis vår og snøen er vekke, men bileta er tekne tidlegare i år med snø som underlag. Har strikka sokkane i Robust på p nr 3,5 etter eit mønster eg har funna hjå Ronille
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...