lørdag 31. desember 2011

Flaskenissar






Desse flaskenissane har stått ferdige ei stund, men har mangla auge.  Etter litt leiting viste det seg at eg hadde akkurat passeleg store auger i huset, og då gjenstod det berre å få sett dei på.  Nissane er strikka i Fritidsgarn og deretter har dei fått eit par omgangar i vaskemaskina for toving.  Oppskrifta finst i fleire ulike strikkehefter.  Min størrelse passar til store brusflasker og kan også brukast til vinflasker, men då er dei litt i største laget.  Julerødvinen på biletet var ei gåve til jul, og innhaldet er forlengst vekke.  Nydeleg god vin!

Julekrybbe del 2


I romjula har eg fått gjort ferdig andre del av julekrybba av fellesprosjektet på Hobbyboden.  To gjetarar og 2 sauer har vorte ferdigmontert.  No manglar eg dei 3 vise menn og engel, men det får verta eit prosjekt for 2012.

fredag 30. desember 2011

"Papirengler"



Tidlegare i haust gjorde eg ferdig dette veggopphenget med "papirenglar".  Effektane på englekjolane har eg fått fram ved å laga krympestoff, ein teknikk eg aldri hadde vore borti før.  Storleiken på opphenget er ca 45x65 cm og heng i stova mi no i jula.  Fargane passar godt inn i hjå meg, og eg synes det er mykje finare der det heng på veggen min enn det eg har klart å få fram på biletet.  Mønsteret er AnnAKa sitt frå 2009.

tirsdag 6. desember 2011

Julekrybbe del 1


Har endeleg fått gjort ferdig del 1 av julekrybbeprosjektet som pågår på Hobbyboden.  Josef, Maria og Jesusbarnet er på plass.  Del 2 består av gjetarar og sauer og tilslutt kjem dei 3 vise menn.  Nesten ferdig med dei 2 gjetarane også, men må venta på mønster på sauene.  Strikkar av restegarn i Sisu på p 2,5.

søndag 4. desember 2011

"Julegaver"





Utruleg kor fort tida går. Kjempelenge sidan eg har blogga! Det betyr ikkje at eg har lagt på latsida denne hausten. Tvertimot har eg fått gjort ferdig (nesten) alle ufo-ane mine + litt til.
Sidan det nærmar seg jul, passar det å leggja ut dei julerelaterte produkta mine framover. I dag er det AnnAKa sine "Julegaver" som vert blogga. Som vanleg har eg handapplikert figurane; kosar meg med slikt arbeid.

mandag 29. august 2011

På bærtur




Denne løparen har eg hatt liggjande ferdig ei stund. Også dette mønsteret er AnnAKa sitt og ho har kalla det "På bærtur". Høver godt å ta denne blåbærduken i bruk no på seinsommaren med hausten like rundt hjørnet. No ventar eg spent på å få Eventyrteppet og Roseteppet i retur frå
Meretes quiltestue.

fredag 5. august 2011

Rose




22. juli var vi i Spania på ferie. 2 kanalar på TV og ingen internett. Den eine TV kanalen var Eurosport så vi fekk iallefall sett Tour de France og den flotte norske innsatsen av nordmennene!
Då vi kom heim att, var beda overgrodde med ugras, og blomar var avblomstra. I fjor flytta eg nokre rosetre som var heller skrøpeleg til eit av beda mine for å sjå om dei ville ta seg opp att denne sommaren. Det gjorde dei ikkje. Eg ser ut i eit av beda mine og kva ser eg oppi alt ugraset; ei einsleg, stor og nydeleg rose! Nesten symbolsk etter hendingane 22. juli. Av og til er eg og andre familiemedlemer så heldige at vi får ei rose i ei eller annan samanheng. Eg har i mange, mange år vore på jakt etter ein blomstervase til å ha desse i. I helga skal vi i bryllaup, og då eg var inne i ein TILBORDS butikk for å finna ei gåve til brudeparte, finn eg vasen eg har leita etter. Nederst er vasen forma som eit hjarte. Nesten symbolsk det også i desse dagar. Den einslege rosa vart sett i den nye vasen - og for ei lukt. Trur ikkje eg har kjent maken til god lukt på ei rose. Iallefall ikkje frå min hage.

torsdag 4. august 2011

Margerittar



Har begynt å få ferdig ein del av UFO-ane mine. Her er den første UFOen eg gjorde ferdig; Margerittløparen med AnnAKa sitt mønster. Kjøpte materialpakke hjå Lappedilla for 2 år sidan då eg var på ferie nordover. Vart veldig fornøgd med denne; både mønster og fargesamansetjinga.
Har også gjort ferdig Eventyrteppet og Roseteppet (desse er også AnnAKa mønster), og har gjort avtale med Merete som skal quilta begge teppa for meg. Må prøva å få sendt dei avgarde i morgon.

lørdag 28. mai 2011

Vinposar





Endeleg har eg fått gjort ferdig pynten på desse to vinposane. Leita ei stund etter passande perler som eg kunne bruka til pynt, og tilslutt fann eg dei hjå Panduro. Vinposane er strikka i fritidsgarn på pinne 5 1/2 og tova i vaskemaskin etterpå. Oppskrifta har eg funne i eit hefte frå Sandnes - Tema 16 toving.
Dei neste innlegga mine vil handla om lappeteknikk, no legg eg nemleg strikkepinnane vekk for ei stund for å gjera ferdig Ufo-ane mine som eg skreiv om i eit tidlegare innlegg. Eg er allereie godt i gong og dei ferdige resultata kjem litt etter litt her i bloggen min.

mandag 25. april 2011

Dress til Babyborn




Denne heile dressen med lue og strømpar til Babyborn har eigentleg vore ferdig ei stund, men har mangla knappar. No er knappane kjøpt inn og sydd på. Dressen er strikka i Sisu på p 2 1/2 og 3, og mønsteret har eg funne i eit hefte frå Sandnesgarn 0702 dukke.

Kjøkkenklutar


Har strikka 5 nye kjøkkenklutar innimellom andre gjeremål i påskehelga. Godt å ha eit lite lager å ta av når ulike anledningar byr seg til å gje ei lita gåve til ein eller annan anledning. Klutane er strikka i Tuva garn på p nr 4.

torsdag 21. april 2011

Gamle hus






På nabogarden på hytta står det nokre gamle hus til nedfalls, hus prega av tidas tann. Slik har dei stått så lenge eg kan minnast, heilt frå min eigen barndom og lenge før det. Dei som ein gong har budd her, bygde seg nytt hus like ved desse gamle bygningane, men dei gamle husa vart aldri rivne.

Påske på hytta



Mesteparten av påskeferien i år er lagt til hytta. Vi har hatt nydeleg påskever sidan vi kom hit ned palmelaurdag. Dagane har stort sett gått med til vedarbeid etter at vinteren og snøen har herja i skogen bak hytta vår. Litt handarbeid har det også vorte tid til saman med krim i form av lydbøker. Utanfor hytta har våren kome for fullt. Kvitveis og kusymre blomstrar i bakkane. Påskeliljene står i full blomst og på trea er det like før knoppane spring ut.

Sokkar og tøflar




Har brukt litt meir garn frå restegarnlageret mitt. Har strikka eit par stripete sokkar i str 38 av diverse restegarn og eit par tøflar i Trollgarn frå Hifa. Oppskrifta til tøflane finst som gratisoppskrift på heimesida deira. Tøflane tova eg 2 gongar på 40 grader i vaskemaskina før eg fekk dei i den størrelsen eg ville ha dei. Dei grå sokkane er strikka i str 43 i Hifa raggsokkgarn.

søndag 20. mars 2011

Nepaltepper






På Okhaldunga sjukehus i Nepal arbeider Kristin og Erik Bøhler. Sjukehuset ligg langt oppi fjella og vintrane er kalde. I Bergen bur ei dame; Jorunn, som samlar inn ferdige ulltepper eller lappar som vert sydd saman til teppe. Ho sender desse teppa til Nepal. "Teppa vert brukte til pasientar som treng varme eller har vanskar med å få på seg klede pga skadar, og når babyar vert fødd på sjukehuset og mødrene ikkje har klær til å ha på barnet sitt så får dei eit lappeteppe som er strikka i Noreg". Synes dette er eit fantastisk flott tiltak, og såg at eg her kunne få brukt opp mykje av restegarnet mitt. I vinterferien strikka eg ferdig alle lappane og fekk montert 2 teppe. No har eg hekla ein pyntekant rundt det eine teppet, og er klar til å senda teppa. Det eine teppet har eg strikka i babyull og det andre i tjukkare ullgarn. Nokre av restane i babyullgarnet er ganske gamle, men no kom dei til nytte. Kjøpte inn 4 nøster Trysil ullgarn for å få litt friskare fargar i det eine teppet, ellers er alt restegarn. Har strikka 49 lappar á 15x15 cm til begge teppa, då vert teppa vel 1x1 m store. Teppet i babyullgarn veg 630 gram og det andre veg 762 gram. Det er ikkje brukt kvitt garn i teppa då kvit er dødens og sorgens farge i Nepal og derfor ikkje så aktuell farge å strikka med.
Det er mange rundt omkring i landet som strikkar eller heklar lappeteppe til Nepal, og dette kan lesast meir om i denne bloggen.

mandag 7. mars 2011

Kjørepose til BabyBorn




Kjøreposen til Babyborn er strikka i Viking Balder på tjukke pinnar. Det gjekk veldig raskt å strikka opp dei 200 gr eg hadde kjøpt på ein garnbutikk i Bergen. Så sa det stopp. Eg mangla garn og ved neste bybesøk gjekk eg med raske steg til garnbutikken og skulle ha ei hespe til.
Men nei; dei solgte ikkje lenger dette garnet. Var det andre butikkar i sentrum som kunne ha dette? Ja, kanskje ein butikk i Strandgata som var i ferd med å avvikla. Heller ikkje her hadde
dei meir av det eg skulle ha. Arbeidet vart liggjande; skulle eg rekkje alt opp att og bruke
garnet til noko anna. Ein dag køyrde eg 15 min til Austrheim der dei har ein flott garnbutikk. Er der sjeldan då eg til vanleg ikkje har ærend den vegen. Og kva fann eg; lilla Viking Balder! Så kvifor gå over bekken etter vatn! Kjøreposen vart ferdig i ein fei og ei lita lue hadde eg også nok til!

onsdag 2. mars 2011

Regnbuesokkar


Desse sokkane har eg strikka mange av for nokre år attende. No har eg kjøpt inn garn på nytt og har tenkt å strikka opp ein del par til. Sokkane er populære gåver, fargerike som dei er.
Mønsteret er frå Hifa og sokkane er strikka i Hifa ullgarn med raggsokkgarn i hælen for å forsterka denne. Eg har brukt pinnar nr 3,5.


tirsdag 1. mars 2011

Dovrevotten



Høyrde desse vottane omtala inne på Hobbyboden, og med mi interesse for historie, fekk eg lyst å strikka desse vottane. Oppskrifta fann eg i Norsk Husflid nr 7 - 2007. Dovre Husflidlag hadde ein konkurranse om ein Dovrevott i 2000, og då vann denne votten med Pilgrimsmerket. Bruken av merket måtte godkjennast av Riksantikvaren, og med godkjenninga fulgte ein klausul som sa at Pilgrimsmerket ikkje måtte brukast på andre tekstilar.
Eg har strikka vottane i originalgarnet Rauma 3-tråds strikkegarn på p 3 og brukt originalfargane
kvit, brun og raud.

mandag 28. februar 2011

Vinterferie og UFOar

Her i vest har vinterferien starta denne veka. Eg har nytta helga til å dykka ned i UFOane mine og jammen hadde eg ein del av dei ja. Har kalla alt Ufoar eg, sjølv om nokre av dei er kit som ikkje er påbegynte eingong. I håp om at eg skal få dei ferdige før sommarferien, legg eg dei ut i bloggen min no. For nokre år sidan melde eg meg på eit AnnAKa abbonement hjå Lappedilla i Bodø, og fekk tilsendt materialpakkar til dei fleste nye mønster AnnAKa kom ut med. Og pakkane kom jamnt og trutt, men framdrifta gjekk ikkje i same tempo hjå meg! No er det strålande ver ute, så det spørs om eg heller må koma meg ut og nyta veret enn å sitja inn med handarbeida mine.

Ufo 1 "Eventyrteppet"
All stitchery og applikasjon er ferdig (alt handsydd). Gjenstår å "ramma" inn stitcherya og sy saman blokkene. Har gjort avtale med ei som skal quilte teppet for meg. Målet er å gjera ferdig til sending i løpet av morgondagen.


Ufo 2 "Julegåver"
Gjenstår å sy rundt applikasjonane.



Ufo 3 "Margeritter"
På denne løparen gjenstår quilting og lukkekant.


Ufo 4 "Papirengler"
Denne kit'en har eg ikkje starta på endå, men har kjøpt inn litt ekstra matr eg hadde trong for.


Ufo 5 "Kjøkkensett" med julemotiv
Dette er heller ikkje starta på. Har vaska alle stoffa.


Ufo 6 "Til Makeup".
Kit som ikkje er påbegynt.


Ufo 7 "Olivers høst"
Denne var eg godt i gong med, men då eg hadde quilta tversgåande saumar oppdaga eg at desse vart skeivare og skeivare. Har spretta oppatt alle og må sy dei på ein annan måte. Alle applikasjonane er ferdige til å setjast på.


Ufo 8 "Et roseteppe"
Dette er også ein kit som ikkje er påbegynt. Er nok ein del arbeid på denne, ja.


Ufo 9 "Brystduk og belte til Nordhordlandsbunad"
Brystduken manglar sting med mørkgrøn, beltet skal ha perler i dei kvite partia.


Ufo 10 Isoldenissar x 3
Har laga alle klær til 3 store Isoldenissar; strikka trøyer, sokkar og luer, sydd bukser, vestar og skjorter. Kroppane er kun oppteikna på stoff. Desse skal eg selja når så langt kjem.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...