søndag 26. februar 2012

Sjøulk




På strikkesida på FB såg eg nokon som hadde laga denne vinflaskeskjularen - Sjøulken.  Syntes den var kjempefin, og tinga straks ein materialpakke hjå Den blå tråd på Sortland i Vesterålen.  Pakken kom eit par dagar etter og det tok meg ikkje lang tid å få denne ferdig.  Sjøulken er strikka i Lettlopi garn på pinne 5,5.  Deretter tova i maskin på 40 grader.  Synes kanskje den vart litt for hårete, så neste gong (for eg skal heilt sikkert strikka fleire) trur eg at eg vil prøva eit anna garn.  Fiskegarnet er hekla av englemasker i Viking Sportsragg på heklekrok nr 4.  Sjøulken passar ikkje i mitt hus, synes eg, men eg har ein plan for kven som skal få den i gåve.

torsdag 23. februar 2012

Gryteklutar med båtmotiv


For nokre år sidan kjøpte eg ein liten materialpakke til desse gryteklutane då eg var på hytta vår.  Eg begynte nok å strikka på dei straks, men tenkte eg kunne ha dette arbeidet liggjande på hytta til ein annan gong.  Strikkearbeidet vart lagt i ei korg med lokk, og der vart det gløymt lenge.  Gryteklutane er strikka på liten rundpinne og deretter har eg hekla ein pyntekant rundt.  Gryteklutane vart ei lita gåve og befinn seg no ombord i ein flott seglbåt.

søndag 19. februar 2012

Selbuvottar



Har strikka eit par dame selbuvottar frå eit hefte "Vottenboken" frå Thuve-Stuva.  Mønsteret heiter Finnmark og er strikka i Heilo garn på pinne nr 2,5.  Trur eg skal ha desse sjølv, dei gamle selbuvottane mine har sett sine beste dagar.  Det var kjekt å strikka selbuvottar, så eg har alt nesten strikka ferdig eit par herrevottar også frå same heftet.

lørdag 18. februar 2012

Vinvesker




Har endeleg fått pynt på desse vinveskene.  Eg kjem gjerne til å vera på jakt etter andre knappar eller perler og byta ut knappane på nokre av vinveskene.  Får surfa litt på nettet og sjå kva eg finn.  Vinveskene er strikka i Mor Aase ullgarn og tova etterpå.  Mønsteret har eg funne her.
 

søndag 12. februar 2012

Tine Solheim flettejakke



Mønsteret til denne jakken stod i eit julenummer av Familien for eit par år sidan.  Hadde garnet liggjande ei god stund før eg begynte å strikka på jakken.  Eg fekk for lite garn til kragen og kjøpte inn eit garn til.  Også det var for lite, og endå eit nøste måtte til.  Fekk sjølvsagt ikkje same partinr så lenge etter førsteinnkjøpet, men heldigvis kan ein ikkje sjå dette.  Veit ikkje kor mykje eg kjem til å bruka denne jakken, vart eigentleg ganske stor og litt tung.  Må iallefall sjå om eg kan få tak i eit raudt strikkbelte som eg kan bruka til.  Jakken er strikka i Alfa frå Sandnesgarn på pinne nr 10.  Ein strørrelse på mønsteret; str 38-42, og eg burde nok ha strikka med mindre størrelse på pinnane.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...