søndag 26. august 2012

Maritim sommer








Ein flott seglbåt må ha fint tilbehør!  For ei tid sidan sydde eg settet Maritim Sommer designa av AnnAKa, som ei gåve til eigarane av ein stor, flott seglbåt.  Desverre har eg ikkje bilete av båten.  Det var eit krevjande arbeid å laga både duk, 2 puter og presskannetrekk, og eg sydde og sydde.  Dei som har lese bloggen min før, veit at eg likar helst å applikere for hand, og det gjorde eg her også.  Frihandsquilting på maskin likar eg derimot ikkje noko særleg, men det måtte gjerast, og eg rakk akkurat å få ferdig quiltinga før vi gjekk ut døra til besøket der gåva skulle overrekkjast.  Bilete rakk eg sjølvsagt ikkje å ta då, seint ute som eg var.
No etter ei lang tid har eg endeleg fått låna settet tilbake for å ta bilete.  Rakk akkurat å blogga om det ein av dei siste sommardagane for i år (snart september og haust).  Eg synes dette er noko av det finaste eg har laga nokonsinne innanfor lappeteknikk, og det var ei stor glede å gje det vekk til nokon som verkeleg sette pris på det.
Fort skulle det gå - og gale gjekk det også.  Det høyrer med til historia at då eg skulle reinskjera kanten rundt presskanna før eg sette på lukkekanten, skunda eg meg slik at skjerekniven glapp, og eg kutta av meg litt hud på venstre peikefinger. Legevakten måtte oppsøkjast etter kvart, og eg var tilsaman 9 gongar på legekontoret for å få skifta på såret!!  Men no er fingeren god som ny og alt dette er gløymt.

søndag 19. august 2012

Stikkelsbær




For mange år sidan fekk eg eit lite stikkelsbærtre hjå hyttenaboen.  Treet vart etter kvart flytta til min eigen hage.  Fleire bærtre har eg ikkje her, men det er utruleg kor mykje bær dette eine treet har hatt, sjølv om det i år var mindre bær enn det har vore dei siste åra.  I fjor vart det ikkje plukka eit einaste bær, året før laga eg syltetøy.  Sidan stikkelsbærsyltetøy ikkje er den største favoritten blant pålegg her i huset, fann eg ut at eg måtte prøve noko nytt i år.  Surfa litt rundt og fann oppskrifter på både saft og likør, så då vart det til at eg laga det.
Først likøren der eg blanda bær med 60% vodka.  I det eine glaset putta eg oppi ei vaniljestang.  Denne skal no stå i 5 veker før sukkeret skal i.  Ifølge oppskrifta bør denne likøren stå og godgjera seg i 12-18 mnd, det vil seia at den kanskje kan smakast på til jul 2013 - men ein gong må den lagast, så får eg ta tida til hjelp.
Resten laga eg stikkelsbærsaft av.  Fekk henta meg ein saftkokar og fekk 2,2 liter råsaft som eg deretter blanda med 2-4 dl sukker pr liter råsaft.  Resultatet vart 3 1/2 flaske saft.  Kan ikkje hugse å ha smaka stikkelsbærsaft nokon gong, så det vert spennande - må berre vente til safta vert skikkeleg kald.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...