søndag 15. september 2013

"Gryta hennar mor"

Mimre, mimre ...

I dag har eg vore på ei fantastisk kjekk utstilling i nærmiljøet mitt.
Med utgangspunkt i 50- og 60talet synte utstillinga ulike miljø som representerer desse to tiåra.
Alle rom i eit vanleg hus var representert, og stor var gleda ved å sjå att mange kjente gjenstandar frå barndomsåra mine.  



Slik komfyr hadde me heime i mine første leveår.


Mamma si vaskemaskin.  Denne sette ho på kok kvar søndagskveld, måndag var vaskedag.




Denne negerdama hang i mannen min sin barndomsheim.  


Ei slik lesebok hadde eg også då eg tok til på skulen i 1963.  Eit godt minne, eg elska nemleg å gå på skulen då eg var liten og leika ofte skule med veslesøstera mi.


Det har no heldigvis gått litt framover i heimen sidan dette!


Ei slikt fat hadde me hengjande heime.  Tenkte alltid på at det likna på søstera mi og meg - me hadde nemleg hardangerbunader med lue til.


 Tallerkar eg hugsar frå somrane hjå besteforeldra mine på Tysnes.


Nonsbord.  Nons åt me kl 15.30.  Hugsar godt den obligatoriske 1liters sirupsboksen på det gråe respakteksbordet.  



Slik vask hadde me på kjøkkenet.  I sommar fekk eg tak i ein slik ein og den har eg tenkt å ha på hytta og pynta med blomstrar.  Norgesglasa på golvet har eg mange av; berre fantasien set grenser for kva dei kan brukast til i dag.


Hugsar me kjøpte slike 3-kg spann med appelsinmarmelade.  Etterpå brukte me spanna til andre ting.



 På platespelaren ligg Salhuskvintetten sin Ønskekonsertslager "Gryta hennar mor" frå 1968.





mandag 1. april 2013

Ei annleis påskehelg - pappa er borte.


Det vart ei annleis påskehelg for oss dette året.  Måndag 18. mars - på mamma sin fødselsdag - døydde pappa brått om kvelden og tirsdag i påskeveka vart han gravlagd.  I fjor haust feira han 90-års dagen sin.  Sjølv om helsa var litt skrantande på slutten, fekk han bu heime på garden heile livet.  Det var han veldig takknemleg for.  Det er vondt å mista ein kjær pappa, sjølv om han oppnådde ein høg alder.  Samstundes er me uendeleg takknemlege for å ha hatt akkurat han til ektefelle, far, bestefar og oldefar.  Pappa var heilt til siste andedrag levande opptatt og engasjert i alt som rørte seg i liva våre, både små og store.  No må me læra oss å leva vidare med alle dei gode minna me har om han.


Pappa var flink til så mykje; det var han som lærte meg å strikka då eg var ganske liten.  Eg hugsar han sette meg på fanget og hald armane sine framfor mine.  5 år gamal strikka eg sokkar til den jamgamle fetteren min, har det vorte meg fortald.  Han kunne også mykje om gamle handverksteknikkar, og har synt meg karding og spinning på rokk.
Eit par veker før han døydde, sat eg og sydde på ei julepute.  Då spurde han meg om det var stilkesting eg sydde på!  Og ja, det var det - det var så eg knapt visste det sjølv.  Har brodert mykje framover, men ikkje særleg mykje med stilkesting.  Pappa fortalde at han som liten gut hadde sydd ein duk med stilkesting - det hadde eg aldri høyrt han hadde fortald før.


Etter gravferda tok me oss eit par dagar på hytta i det aldeles nydelege påskeveret me har hatt her på Vestlandet denne påskehelga.  Utsika er upåklageleg; Folgefonna i bakgrunnen.



søndag 13. januar 2013

Trekk til lysglas og lyspose


Altfor lenge sidan siste blogginnlegg no.  Har vore ganske stille på handarbeidsfronten i det siste, det vil seie eg jobbar no litt på, men med større strikkeprosjekt og syprosjekt og då vert det ikkje så mykje å blogga om på den fronten.  Då er det kjekt å surfa rundt i bloggverda og finna alt det fine som andre produserer.  Ein av bloggane eg har oppdaga, er bloggen til Janne, og ho lagar masse fint som ho legg ut i salsbloggen sin.







Ho har hekla nokre fine trekk til lysglass og eg har kjøpt 2 kvite og 2 beigebrune trekk hjå ho. Ho syr også nydelege lysposar med decoupage, og eg måtte berre kjøpa meg ein slik lyspose også.  Eg er SÅ fornøgd.  Anbefalar alle å besøkja bloggen hennar.


Og katten kosar seg oppå TV-boksen medan Tora tar eit nytt gull i Ruhpolding.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...