mandag 24. februar 2014

Revesokkar


I romjula strikka eg desse revesokkane med garn og oppskrift frå Hillesvåg Ullvarefabrikk.  I mellomtida har sokkane vore på "tur", men no fekk eg endeleg tatt bilde av dei.


Eg er så heldig at eg bur i nærleiken av Hillesvågen, og må ta meg ein tur dit rett som det er.
Dei har masse nydeleg garn og ull og ein liten, triveleg butikk i dei gamle fabrikklokala. 


Oppi berget bak fabrikken har dei laga denne utsmykninga, eit kjempestort strikkearbeid.  Stilig er det.

søndag 16. februar 2014

OL-lue



Då vart OL-lua til eldstejenta ferdig i ein fei.  Enkel og grei å hekle.  Lenge sidan eg hadde hekla no, så det var jammen meg kjekt.  Hekla med dobbelt garn Dale babyull på heklenål nr 4.  Har ikkje sett noko merke på, og no er både datter og lue ute av huset og reist attende til Bergen.  

søndag 2. februar 2014

"Strikk for livet"



Etter ei lang bloggtørke kjem det omsider eit nytt innlegg på bloggen min.  Bloggtørke, men ikkje handarbeidstørke, har berre ikkje fått lagt ut dei tinga eg har laga.

  Innimellom andre handarbeid har eg dei siste åra laga lappeteppe av restegarn i ull til eit sjukehus langt oppe i fjella i Nepal, der eit par frå Bergen arbeider. 

 Ei dame frå Bergen samlar inn teppa og vidareformidlar dei. 

  Eg har også sendt tepper og luer til sjukehus her i landet til prematur fødde.

No har eg gjort ferdig 2 tepper og ein "kuvøsegensar"/lue til "Strikk for livet"/Tanzania.



Premature og nyfødte i Tanzania trenger varme klær da de ikke klarer å regulere kroppstemperaturen så godt selv. Bli med og strikk ullklær til de små :)
Strikk for livet er en veldedig non-profit organisasjon som samler inn strikkede ullplagg til premature, nyfødte og syke barn ved sykehus i Tanzania, med den hensikt å forebygge sykdom og død. Du kan finne strikkeoppskrifter og mer informasjon om Strikk for livet på hjemmesiden.

50 gr babyull rekk til ein prematurgensar og lue, til teppa gjekk det med 200 gram.
  Har lagt opp 3 m og auka 1 m i begynnelsen av kvar pinne til halvvegs og deretter felt tilsvarande på siste halvdel.  I tillegg har eg strikka ein holkant på sidene.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...